Åkra-info

Litt meir om Åkra


Åker og havn har gitt namn til Åkrehamn, men i dei fleste åkrane er det no butikkar, servicebygg og hus.

kart

Kart som viser Åkra med omegn er tilgjengeleg frå Excite.Maps, der "omegn" er hhv Rogaland og ytre haugalandet.

Frå det gamle havneområdet med idylliske små trehus går sjarkfiskarane framleis ut til fiskefelta kvar morgon. Seinare på dagen blir fangsten levert på kaien, og som oftast kan ein kjøpa fersk fisk, reker og krabbe i hamna.

På fine sommardagar blir Åkrasanden invadert av solhungrige flokkar frå både Karmøy og Haugalandet, og det kan koma fleire tusen badegjester på dei finaste dagane.- Men så er det heller ikkje for ingenting at Åkrasanden har status som ei av dei flottaste sandstrendene i Norge. Som turområde er det og svært mykje brukt, og turistane har for lengst fått augene opp for dei kvite strendene og sanddynene som møter havet her vest. Åkrasanden er også ein av dei beste stadane i landet for brettseiling.

landskapet på Åkra

Naturen på Åkra (og Karmøy) er elles ganske variert.


[ Hovudside | Åkrabuar | Om Åkra | Eigen epost? | Lenker | Gjestebok ]
www@akra.rl.no